Bleieskift har ikkje vore mi sterke side i tida mi som far, bestefar eller oldefar for den saks skuld. Derimot køyre traktor, bil, gravemaskin, bruke krafse og drive på som sagførar, det føler eg at eg har hatt eit rimeleg godt tak på. Derfor har eg halde meg til det eg kan, ikkje rota meg borti andre greier. Vel, eg har vaska opp og slikt, men eg har halde meg til koppar og kar. Det har blitt meir skjeldan når me fekk oppvaskmaskin, for når eg fekk lært opp kjeringa til dei rette innstillingane, så ordna ho med oppvasken. Når eg er utkvild og i godt humør, så hender det at eg tek ut av oppvaskmaskina og legg inn i hyllene. Det fører til ein del frustrasjon hjå kjeringa, for koppar og kar har ikkje blitt lagt der som ho meiner det skal vere. Akkurat som ho har hevde på kor det skal plasserast! Ein skal helst ikkje provosere i utrengsmål, så då held eg meg unna slikt pussel ei tid.
Det å vaske tøy, stryke og legge eller henge på kleda plass, det held eg meg langt unna, til det trengs eit heilt spesielt håndlag.
Ein syttande mai for nokre år tilbake var det nær på at egmåtte gjere noke som eg ikkje var mi sterke side. Det hadde seg slik at me var i byen og feira dagen. Då det leid på ettermiddagen blei minste barnebarnet litt trøytt og lei, noke eg au hadde blitt, så det blei til at me to rusla heim til huset deira i Carstensgate.
Vel inne så breidde det seg etter kvart ei mistenkeleg lukt som ikkje eg var opphavet til. Etter ei stund så lura jentungen på om eg kunne skifte bleia. Som sagt, så er ikkje det mi sterke side, så for å leie oppmerksomheita hennes på noke anna, såsette i gang å kaste ball med noka ballongar som hekk rundt omkring. Det var gildt ei stund, men truleg ble det litt for mykje hopp og sprett med ei full bleie, for det var ikkje gildt lenger.
– Kan du skifte bleie på meg farfar, spurte ho. Det trur eg nok er best å vente med til mamma og pappa kjem, svar eg. Så fant eg fram noka eventyrbøkar og byrja å lese eventyr. Med jentungen i fanget var det ingen tvil om at bleia var full.
– Kan du skifte bleie farfar, spurte ho att, men eg svara som før at det var nok best å vente til mamma og pappa kom.
Tålmodet hennes blei sett på prøve skjøna eg, så eg la til å syngje som best eg kunne, men etter noka songar, så tok ho meg i armen, såg på meg med noka bedande augo og sa;
– Kan du ikke prøve da i hvertfall farfar?
Bleieskift har som nemnt ikkje vore mi sterke side, men nå blei eg skikkeleg utfordra. Skulle eg etter å halde meg borte frå slikt noke som det der i heile mi tid som far, måtte krype til korset? Ja, med dei bedande augo, og den odøren som fylte huset, kom eg til den slutninga at det fekk stå til korleis det nå enn kom til å gå med meg.
I det eg skulle til å ta av henne, høyrde eg det rusla ute i gangen, og kven andre kom inn som ein reddande engel enn far hennas! Eg sa så truskyldig som eg kunne at eg lurte på om det var noke i bleia som han burde ta seg av. Og det var det vist, for det var lort til langt oppå ryggen sa han.
Det kunne ha blitt ei forferdeleg fyrstegongs oppleving!!! Så endå hell eg meg unna slike ting. Eg er då ikkje bleieskiftarbeider, slik ein som han Øystein Sunde syng om.
For øvrig, her om dagen sat frua og eg og hadde oss eit måltid med brød og pålegg. Blant anna så var der ei pakke med kokt skinkepålegg. Kan ikkje du ete den opp, spurte ho, den har gått ut. Då har den i så fall kome inn att, svara eg.
Halvor Røylen
Gjerstubar