Meteorologane melder om mykje vær nå for tida. Mykje vær ja. Mykje vær. Smak på den. Mykje vær…. Når er det passeleg vær, lite vær, bitte lite vær og ikkje vær i det heile? Det får meg til å tenke på søya som lura på kva for vær det kom til å bli. Det blei naboens.
Ny E18 blir nå planlagt i rekordfart. Blir det i alle fall sagt. Det siste som ein kan lese i avisene er at vegen truleg kan lagast fire meter smalare, det vil sei det er ikkje sjølve vegen, men mellomromet mellom dei to køyrebanane. Vegen skal likevel vere like sikker, og så sparast det milliardbeløp. Tenk om det hadde blitt gjort på alle dei nye strekningane. Då hadde me spart så mange milliardar at me hadde fenge betalt når me passera bomstasjonane.
Nå har Gjerstad vore så ”heldige” at E18 blir lagt nokonlunde på same plassen som nå. For Risør sin del så blir den endå lengre vekk frå byen enn den er nå. Som bøtemiddel for dette, så er me i Risør samstemte om at då skal me ha ei skikkeleg avkøyring eller påkøyring for den saks skuld. Utan eit stort og svært på- og avkøyringskompleks, så gjeng me dukken her i Risør. Uansett, må det vere større en det dei har laga der borte i Tvedestrand.
Nå er det ikkje bare til Arendal det blir lengre for oss risørfolk, det blir det til Brokelandsheia au. For dykk gjerstadfolk er det noko anna, for dykk reiser ikkje lengre til Risør. Før var dykk i alle fall ein tur på polet, men nå har dykk eige pol, så nå er der ikkje andre gjersdølar å sjå enn Tordis Brekka som stiller som frivillig i ein bruktbutikk (ikkje bruka butikk, men ein butikk som sel bruka ting altså).
Vegårsheiinganes interesse i den nye E18 har det blitt skrive lite om. Dei får nå vegen så nære sentrum at dei kan bli harde konkurrentar for oss i Risør, me det blir truleg bomstasjonar på både vestsida og austsida av ”Risørkrysset”. Det kan forresten føre til ein større samhandel mellom risørværingar og vegårsheiingar. Dei har ikkje pol heller på Vegårshei, så der har me noko å friste med.
Før i tida, når isen hadde lagt seg på Rødsfjorden, Nordfjorden og Sørfjorden så var det folk i frå Gjerstad og pilka så fort isen hadde lagt seg. Då torde måkene au lande på isen blei det sagt for skøy. Nå er der ikkje is, og fisk finnes det ikkje noko anna av en Sypiker og Blåstål.
Så var det å lese i avisene at nå er det ikkje lov å fiske etter torsk i gyteperioden i dei nemnde fjordane, samt Sandnesfjorden. Det skal vere med på å få fisk tilbake att i fjordane. Det er då eg spør meg sjølv, ja du som les au, korleis i … kan dei som avgjer detta, tru at det gjeng an å få yngel av fisk som ikkje er der. Fjordane er tome for fisk!
Då er det noko anna med sel. Sel er det i tylftevis av, og den er det ikkje lov å jakte på, så den formerar seg utan noken som helst avgrensing. Og sel treng mat. Dei et visst fisk, så det er ikkje rart at dei som styrer med dette prøvar å få meir fisk i fjordane. For å sei det slik, eg trur selen et meir fisk enn det dykkon gjersdølingar kan klare å ete.
I mitt arbeid så prosjektera og søkte eg om løyve til å anlegge eit reinseanlegg for ein risørværing. Utsleppet blei ført ut i sjøen, nær eit område med Ålegrass. Saka blei som vanleg sendt til Fylkesmannen slik at ”han” kunne uttale seg. Jau, ”han” hadde ikkje anna til merknad enn at utsleppet måtte førast lengre ut, og djupare, for elles kunne Ålegraset bli skadd av utsleppet. Det som i hovudsak kjem med i utsleppet frå reinseanlegget er litt nitrogen og fosfor. Slik eg har lært er nitrogen og fosfor næring for planter, men, men.
For øvrig, dagane lengest, småfuglane kvitrar i glede, og det gjer eg au. Kvirrivitt!!
Halvor Røylen