-Aldri er det blitt verna meir skog enn i 2017. Regjeringa og støttepartiane har meir enn dobla satsinga på skogvern. Årets bevilging til skogvern på 442 millionar kroner er den høgste nokon gong, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Tek vare på naturmangfald

- Det rekordstore skogvernet i år er eit skritt på vegen mot at me har verna ti prosent av skogen. Det vil vere med på å ta vare på mange trua artar og naturtypar, seier Vidar Helgesen.

Skogvern bidreg til å oppnå desse måla for naturmangfald:

  • Eit representativt utval av norsk natur skal bli verna for kommande generasjonar.
  • Ingen artar og naturtypar skal bli utrydda, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal bli betre.

Frivillig skogvern

Med dette siste vedtaket blir det verna 110 kvadratkilometer skog, der 64 kvadratkilometer er produktiv skog. Områda inngår i arbeidet med frivillig vern av privateigd skog, unntatt tre område som er eigd av Statskog og Miljødirektoratet.

-I år er heile 91 av områda verna frivillig av private skogeigarar. Samarbeidet om frivillig skogvern er blitt ein bærebjelke i arbeidet for å sikre mangfaldet i norsk natur, seier Vidar Helgesen. Til no er rundt 440 område blitt verna i arbeidet med frivillig skogvern. Interessen for frivillig skogvern er stor, og mange områder er det planar om ytterlegare skogvern dei kommande åra. Til no er 3,2 prosent av den produktive skogen i landet blitt verna, og noko over fire prosent av det samla skogarealet.