Når eg ser på NRK sitt program Nytt på nytt, så sit eg å grunnar på; er dette humor? Kan dritslenging og harselas med andre framkalle ein god latter? Dei sit og har ei oppkonstruert ordveksling som for meg er komplett umogeleg å forstå humoren i. Det er sjikane dei framfører, ikkje humor! Du kan vel la ver å sjå på, tenker du. Jau, det er nok rett, men skal eg ha grunnlag for å kritisere, så må eg sjå på au. Kvar gong eg har sett på seansen, så har eg blitt Snytt på nytt! Få Almås tilbake! Han har vesenet med seg, og han sprer humor. Det er rett før eg opprettar ei Facebookgruppe, der eg oppmodar mine meiningsfeller om å reise inn til Marienlyst for å demonstrere utanfor NRK-bygget med krav om å få Almås tilbake. Om noken av demonstrantane skulle kome til å slå inn noka vindauge og dører for så å invadere NRK-bygget, ja så er ikkje det mitt ansvar, då vil eg toe hendene mine. Huff, nei nå skjønar eg at eg har blitt junaiten-påverka.
Avisoverskrifter kan vere artig å lese.
«Gutt knivstukket i Arendal sentrum.» Det må vere ein ulagleg plass på kroppen å bli stukken med kniv.
«Privatskolen på Vegårshei fikk ja.» Ja der var han dere Privatskolen heldig, kva det nå han fekk ja til.
«Krabbet ut av vraket, nektet å avgi urinprøve.» Kan tenke meg at det ikkje var att noke urin etter opplevinga av ei utforkjøyring.
«Har mistet 96 prosent av passasjerene.» (Norwegian) Det må vere trasig for flykapteinen når det sit att bare fire prosent av passasjerane når flyet landar.
«Åpningen utsatt igjen.» Ja nå i kulda så kan åpningen for oss mannfolk vere utsatt. Han rekk ikkje heilt på utsida.
Ordtak kan det vere mykje i.
«Den som har mangt i sinnet, slepper mangt or minnet.» For min del treng eg ikkje ha mangt i sinnet heller før det slepp or minnet.
«Ein kan vel vere kar om ein ikkje seier det sjølv.» Ja så sant, så sant.
«Det er betre å teie med vit enn å tale med vanvit.» Huff, eg føler meg treft.
«Somme skuldar eg, og somme har til gode hjå meg, sa mannen; han blei spurd om han var rik.» Det må vere noke i likt med han som fortalde då han kappsprang; oppforbakk vann han, og nedforbakk tapa eg.
«Det er ikkje Guds ord alt som står på trykk.» Kjære lesar, nei, eg skal ikkje skryte på meg det!!
For øvrig. Biden har gjeve Putin ei åtvaring. Han må passe seg, for elles «kommer jeg og tar deg», som CC Cowboys syng. Då var det noke anna med Trump. Putin og han var rektig så gode kompisar.
Halvor Røylen
Gjerstubar