Inger Løite har vore med i politikken i Gjerstad mykje lengre enn eg, og det er interessant historieforteljing ho driv med. Men ho tar feil når det gjeld valget i 1999. Då blei faktisk SP størst i Gjerstad med 35.1%, medan AP fekk 29.1%. Dessutan var Høgre det største partiet ved valget i 1995, men utanom det har AP vore størst ved alle kommunestyrevalg etter 1945. Så har dei òg hatt både ordførar og varaordførar i store delar av denne perioden.
Det er naturleg at alle parti som stiller til valg gjør det for å få best mogeleg gjennomslag for sin politikk. Her i Gjerstad, som mange andre stader, var det lenge to blokker som stod mot kvarandre. AP, og til tider SF/SV på den eine sida, og dei såkalla borgarlege på den andre. Det var faktisk SP som braut denne tradisjonen då dei i 2011 gjekk i samarbeid med AP. At AP no etter 8 år med SP vil prøve noko anna synes eg er greitt, og ikkje uventa. Eg har ikkje, slik Inger skriv, kritisert det. Det er prosessen eg har vore kritisk til.
Om ein månad startar arbeidet i det nye kommunestyret, og der vil Senterpartiet arbeide for gode løysingar til beste for bygda.
Kåre Dalane